Utan reiselivet stoppar Norge!

Av
Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

LeserbrevDette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger. (Oppland Arbeiderblad) Beitostølen er eit av våre reiselivsdestinasjonar som opplever god vekst. Det var 21% fleire som overnatta på Beitostølen i 2016 enn året før, og vi har fleire områder og reiselivsbedrifter i Oppland som opplever vekst. 

Det er ikkje tvil om at reiselivet er viktig for Oppland. Kvar fjerde arbeidsplass i fylket er knytta til reiselivsnæringa. På landsbasis så er tala under 10%. Reiselivet skapar sysselsetjing og verdiskaping over heile fylket og landet vårt og den skapar vekst og sysselsetjing i andre næringar også.

Ei samhandling særleg mellom reiseliv og landbruk er viktige suksessfaktorar for Oppland og saman kan desse to næringene generere enda meire omsetning og verdiskaping enn i dag. Landbruksminister Dale la for ei veke sidan fram reiselivsstrategien, ”Opplevingar for ein kvar smak.” Strategien tek utgangspunkt i eit reiseliv basert på landbruk og reindrift sine ressursar. Eit dokument som gjev ei opplisting av gode eksemplar og resultater i dag, men som gjev lite retning på kva regjeringa sin strategi er for å utvikle dette vidare. Det er blant anna viktig kva slags rammevilkår landbruket og reiselivet skal få for å skape utvikling i heile landet for å lykkast med dette. Det må landbruksmeldinga seia noko om.

Transport og infrastruktur er også viktig for reiselivet.

Dei som kjem til Oppland kjem enten via veg, bane eller fly. Turisten forventar nettilgang over alt og bedriftene sjølve treng god internettkapasitet.

Regjeringas har fjerna ordninga med lågare arbeidsgiveravgift for transportnæringa og innført flyseteavgift. Både delar svekkar konkurransekrafta til reiselivet, særleg i fjellregionane våre.

(Ein skatte og avgiftspolitikk som også gjer konkurransevilkåra vanskeleg for reiselivet, med ei flyseteavgift og fjerning av lågare arbeidsgjevaravgift for transportnæringa i distrikta er også med på å svekke konkurransekrafta til reiselivet særleg i fjellregionane våre.)

Senterpartiet meiner at desse skatteskjerpinga er negative og vil fjerne att flyseteavgifta. De t som skulle vera ei miljøavgift syner seg har liten eller ingen miljøeffekt. Vi meiner også at transportsektoren som er så viktig for næringsverksemd i distriktene bør ha ei ut utjamningsordning som sikrar transportkostnader som er tilnærma lik uavhengig av adresse i landet. Senterpartiet la også inn 200 mill kr til breibandsutbygging i vårt budsjettforslag for 2017. 

Når reiselivet skal seljast i utlandet så er det vår spektakulære natur som er bilder som vert brukt. Det er fjord, fjell og nordlys. Noko som vi nordmenn også er svært stolte av og det betyr mykje for oss som bur her. For å oppretthalde desse landskapene treng vi at det bur folk og det vert sikra levelege vilkår for næringsverksemd og sysselsetjing i heile landet.

Desse treng også eit godt støtteapparat rundt seg. Reiselivsnæringa er den sektoren som sysselsett flest unge og folk med innvandrarbakgrunn. Kor mange er det ikkje av oss som har starta yrkeskarriera på eit hotell eller i ei serveringsbedrift, og som har fått ein gode erfaringar og nytte av dette?

Men vi har nå ei politireformen som gjer det enda vanskelegare for reiselivsnæringa i våre distrikt. Mange av reiselivsbedriftene er heilt avhengig av å hente utanlandsk arbeidskraft i sine høgsesongar. Men når ID-kontroll og arbeidstillatelse blir samla slik at ein må reise til Hamar eller Gjøvik, så blir dette ei ekstrabelastning for reiselivsbedriftene våre.

Regjeringa skal nå legge fram reiselivsmeldinga sin i løpet av våren. Det har i fleire år vore satsa stort på Fjord-Norge og Nord-Norge. Nå er det på tide at fjell-Norge får like stor satsing på markedsføring og utvikling av våre destinasjonar. Dette vil skape vekst og sysselsetjing i vår region. Dette sikrar busetjing og infrastruktur der verdiane skapast. Det vil Senterpartiet arbeide for!

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken