Nordstrandmannen Oskar Stein Bjørlykke i Nynorskens hus

Oskar Stein Bjørlykke. Foto: Herborg Pedersen

Oskar Stein Bjørlykke. Foto: Herborg Pedersen

Av

Oskar Stein Bjørlykke fra Steingrims vei er aktuell med novellesamling, som presenteres i Nynorskens hus 4. april.

DEL

InnsendtI sitt åttiande år har Oskar Stein Bjørlykke gjeve ut den vitale novellesamlinga Blikket.

Bjørlykke er utdanna teolog frå Menighetsfakultetet, har vore lærar og er prisløna forfattar av ei rad bøker for barn og vaksne.

I den diktarverda han har skapt, kjem vi nær det levande livet med dei åndstankar som følgjer med det.

I 16 korte noveller er mange ulike emne lyssette, alt frå sykling, lyng, bjørk, smakar, ord, tanter, innvandrarar og andre kjenningar frå livet til glimtet i bakspegelen.

4. april skal Blikket presenterast i Nynorskens hus i Oslo klokken 17.30.

Der vil Oskar Stein Bjørlykke møte Jan Inge Sørbø, professor ved Høgskulen i Volda og forfattar av Nynorsk litteraturhistorie (2018) til samtale om den nyaste boka og forfattarskapen elles.

I Nynorsk litteraturhistorie heiter det at Bjørlykke skriv klårt og djupt på same tid om attkjennelege situasjonar, som opnar seg mot djupner av undring, frykt og trøyst. Oppleving av fellesskap og gleda av å finne rette, enkle ord er også berande element. Det kan leggjast til at skildringane kan vere underfundige

Send inn tekst og bilder «

Dette er din avis - skriv om det som opptar deg i nærområdet og del det med andre. Stort eller smått - det er plass til alt!

Artikkeltags